Pussetips

Sølvpuss for og etter
Gamle sølvknappar blir som nye

Her får du tips til korleis du får blankt sølvtøy. Me sel pusseprodukt til gull, sølv, messing m.m.

Pussetips for sølvbestikk

Legg bestikket i varmt vatn, gå over med sølvpasta, skol med Zalo-vatn og reint vatn til slutt. Tørk godt.

Et anna tips for å få sølvtøyet fint er å legge aluminium-folie i botnen av oppvaskummen. Ver obs på at ein berre kan gjere dette med helt blankt sølv, altså ikkje oksidert sølv. Legg alu-folien i botnen av kjøkkenvasken. Hell på 3-4 spiseskeier salt og fyll kummen med varmt vann. Når saltet har løyst seg opp kan du legge oppi sølvet ditt. Dersom du har mykje sølv å vaske er det betre å ta det i fleire omganger enn å fylle kummen full. Til slutt vaskar ein sølvbestikket med reint vatn og Zalo. Det er sølvsulfid som danner svarte flekker på sølvet, og saltet og aluminiumet vil setje i gang ei kjemisk reaksjon som reduserer sulfidet tilbake til metallisk sølv.

Meir bruk betyr mindre puss

Å bruke sølvtøyet mykje er den enklaste måten for å sleppe å pusse så ofte. Ein god sølvpuss kjøpt hos gullsmeden er det som bidrar best til at sølvet held seg blankt lenge. Etter bruk må ein fjerna matrestar på bestikket for å unngå mørke flekker i sølvet, og dersom ein ikkje skal bruke sølvet på ei stund bør det leggjast i tette plastposar for å hindre oksidering. Me sel bestikkposar i tøy og plast.

Vanleg vask av sølvtøy

Det er vanlegaste er å vaske sølvet for hand, men det meste av sølvbestikk kan også vaskast i oppvaskmaskina. Uansett bør ein tørke godt for å hindre flekkar. Når ein bruker oppvaskmaskina må ein passe på at sølvet ikkje kjem i kontakt med anna metall.